Noko Frå Noreg
Heimen Husflid, Bondeungdomslaget i Oslo og Norwegian Fashion Institute inviterar til seminaret Noko frå Noreg i samband med Ulluka. Seminaret går 9. oktober i Teatersalen BUL i Rosenkrantzgate 8 i Oslo.
Her blir det paneldebatt og innleiinger med historiker Bjørn Sverre Hol Haugen, Cecilie Eskild og skreddere i Heimen Husflid, Thomas Walle og Kari Anne Pedersen Norsk Folkemuseum, Gisle Mardal og Peter Løchstøer, Norwegian Fashion Institute, Benedikte Sunde, DOGA, designer Nina Skarra og Haik.Folkedrakter og bunader representerer store verdiar. I desse levande drakttradisjonane finnast kunnskap om kultur, handverk og estetiske uttrykk. Her er kjelder for ny design. På seminaret spør vi om forståinga og bruken av eigen kulturarv i ei ung og veksande norsk motenæring kan gje konkurransefortrinn i ei verd der eigenart og særpreg er blitt ettertrakta verdiar. Kan det skapast nye utrykk gjennom å skape innsikt i kulturarv og korleis er dette med på å prege den norske identiteten i det 21. hundreåret?Gjennom foredrag, kunstnarlege og handverksmessige uttrykk, og debatt set seminaret Noko frå Noreg desse verdiane på dagsordenen.
Det blir og lansering av motedesignkonsept for grunnlovsjubileet 2014.Påmelding
"